Guddomsstraale, naadens Ande

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Herre, jeg har handlet ilde

Guddomsstraale, naadens Ande,
Himmelkraft og guddom sann,
Høyr meg i min verk og vande,
Gjev meg det som hjelpa kann:
Lat din naade i meg fløda
Og mitt saare hjarta grøda.
 
Tru og visdom, raad og styrke,
Audmjuk hug og rett forstand,
Det er alt din naades yrke,
Derpaa me deg kjenna kann;
Dermed veit du oss aa læra
Kristus rett aa sjaa og æra.
 
Du Guds finger, dyre lærar,
Skriv deg i mitt hjarta inn,
So eg deg i allting ærar;
Tak til fange alt mitt sinn,
So for deg mitt hjarta bankar
Og eg lìver dine tankar.
 
Set paa sjæli mi din stempel,
Helga hug og tanke min;
Gjer min likam til ditt tempel,
So eg heilt maa vera din;
Naar alt jordisk burt maa kverva,
Lat meg Kristi rike erva.
 
Etter den tyske: Strahl der Gottheit.
 

Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad