Han er uppstaden

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Af høiheden oprunden er

Han er uppstaden! Aldri klang
Slikt sigerbod paa himmelvang;
Seg faderhjarta gleder.
Han er uppstaden! Englekor
Med jubelrøyst og fagnad stor
Um livsens fyrste kveder:
"Snart er / han her
Som med velde / dauden felde;
No skal tona / songen ny umkring Guds trona."

Han er uppstaden! Ordet slær
Med maallaus rædsla helvits her,
Og dei si vanmagt kjenner.
Han er uppstaden! Satan maa
Ein yvermann i honom sjaa,
Og hat i hugen brenner:
"Upp av / si grav
Stod dessverre / livsens herre;
Med det under / han mitt velde braut i sunder."

Han er uppstaden, han vaar bror!
Ei kom der so velsigna ord
Til mannheims myrke dalar.
Han er uppstaden! So han trygt
For sine systkin bru hev bygt
Til høgheims ljose salar.
Storgjæv / han hev
Syndi sona, / dauden tjona,
Satan bunde, / liv og sæla aat oss vunne.


Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad