Himlarne, Herre, fortelja di æra

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Jesu, din søde forening at smage

Himlarne, Herre, fortelja di æra,
Prisa sin meister, gjer høgkvelven blaa;
Soli og maanen og stjernorne bera
Vitne um kva dine hender formaa.
Men i di kyrkja daa mest maa me lyda:
Der talar dagar til dagar um deg,
Der seg di sol og di tora mun tyda,
Der jamvel natti gjev ljos paa vaar veg.

Tanke og ord fyrst i sanning mun lìva
Naar i ditt hus dei fekk mæle og røyst,
Og alt so vida som stjernorne sviva,
Gjev dei paa jordi upplysning og trøyst.
Ordet med soli i skiftande tider
Stiger som brudgom i morgonraud glans,
Straalande fram paa si sigerferd strider,
Krynest som kjempa med aftanraud krans.

So seg di høgsol som sanningi røyner,
Gjeng i sitt velde i kring um vaar jord;
Inkje i verdi for henne seg løyner,
Øydast kann ei hennar straalande spor.
Logi di lyser so solerne bleiknar,
Umvender sjæler som vil henne sjaa;
Klaarleg din vitnesburd livsvegen teiknar;
Gjerer til vismenn' vankunnige smaa.

Etter Grundtvig.


Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad