Kjære Jesus, me er her

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Søde Jesu, vi er her

Kjære Jesus, me er her
For ditt ord og deg aa høyra;
Gjer din himmelvisdom kjær
For vaart hjarta og vaart øyra;
Hjelp oss so dei dyre ordi
Dreg oss heilt til deg fraa jordi.

Me paa hjarta og forstand
Heilt formyrkte er og blinde,
Fær ei fyrst din Heilag-and'
Kveikt sitt klaare ljos her inne.
Godt aa tenkja, tala, gjera
Verket ditt i oss maa vera.

Aa du høge æreglans,
Ljos av ljos er guddomsgrunnen!
Reid i oss den rette sans
Opna øyra, hjarta, munnen;
Bøn og song lat signa vera:
Oss til gagn og deg til æra!

Etter Clausnitzer.


Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad