Kom, Heilag-ande skaparsterk

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Kom Helligaand med skabermagt

Kom, Heilag-ande skaparsterk,
Hjaa dine vener gjer ditt verk,
Og fyll med nøgd fraa naadens hav
Kvart manne-brjost du livet gav.

Ditt namn er trøystarmannen prud,
Ei gaava fraa den høgste Gud,
Eit livsens liv, eit kjærleiks vell,
Ein salve mild, ein heilag eld.

Du sjufelt rike gavor ber;
Du Herrens kraft og finger er,
Og tyder greidt Gud Faders ord
I modersmaalet rundt paa jord.

Kveik ljoset ditt i vaart forstand,
Og i vaart hjarta kjærleiks brand;
Til vanmagt vaar og vesaldom
Med heilag hjartestyrkjing kom.

Driv fienden burt, og so det gjer
At freden din vaar styrke er;
Ver du vaar førar og vaar vakt
Mot synd og mot all vondskaps magt.

Gjev du oss at me klaarleg maa
Gud Faderen og Sonen sjaa,
Og rett i tru faa ævleg kjær
Guds Ande, som fraa baae er.

Gud Faderen, og Sonen god,
Som herleg upp fraa daude stod,
Og Anden, trøystarmannen blid,
Høglova i all ævleg tid! 

Etter den gamle latinske: Veni creator.


Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad