Lovsong skal all heimen kveda [1]

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Sions vægter hæver røsten

Lovsong skal all heimen kveda
Og tena Herren høg med gleda,
Framfor hans andlit jubel stor.
Han er Gud, han ut oss valde
Og millom sine eigne talde.
Me lìver ved hans veldes ord.
Tak naaden hans i famn,
Lov, pris, velsign hans namn!
God er Herren:
Han hev sin rett / og naade sett
Med sanning ifraa ætt til ætt.

 

Etter Davids 10de salme.
 
Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad