Lovsong skal all heimen kveda [2]

(Salme, 1927)

Av Matias Skard

Tone: Vakna upp! so ljodar luren (Sions vekter)

Lovsong skal all heimen kveda
Og tena Herren høg med gleda,
Framfor hans aasyn fagnad stor!
Han er Gud, han ut oss valde
Og millom sine eigne talde.
Me liver ved hans veldes ord.
Tak naaden hans i famn,
Lov, pris, velsign hans namn!
God er Herren:
Han hev sin rett
Og naade sett
Med sanning ifraa ætt til ætt.

 

Etter Davids 10. salme.
 
Frå Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte. Andre upplaget. Skuleutgaava. Bjørgvin: A/S Lunde & Co. Forlag 1927. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad