Milde Gud og folkefader

(Salme, 1927)

Av Matias Skard

Tone: Jesus, du mitt liv vil vera. (Jesus er mitt liv)

Milde Gud og folkefader,
Sign vaart folk og fedreland!
Lat den sol som aldri glader,
Kveikja liv fraa støl til strand!
Giv os heilag hug i barmen,
Legg oss herdig kraft i armen,
So vaar dyre fedrejord
Bløma maa i vaare spor!

Høgt fraa kyrkjehaug lat straala
Sannings sol i all sin glans!
Kveik kvar lærar til aa maala
Liv med liv for barnesans!
Lær dei smaa den glade lydnad,
Klæd vaar ungdom i din prydnad,
Styrk oss mildt i manndoms aar,
Kryn med fred dei graae haar!

Vig vaart Noreg til ditt tempel,
Vaare fjell til tind og taarn!
Set paa folket vaart ditt stempel,
Gjer oss heilt til dine born,
Som alt her med tru og tryggja
I ditt samfund bu og byggja
Broderleg fraa fjell til strand! 
Lys din fred um Noregs land!


Frå Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte. Andre upplaget. Skuleutgaava. Bjørgvin: A/S Lunde & Co. Forlag 1927. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad