No klokkor kling til glede-fest

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Den store, hvide flok vi se

No klokkor kling til glede-fest,
Dei bodar oss so kjær ein gjest,
Og by og grend / i venting stend
Til fagning budd som best.
Sjaa, jordi hev seg klædt i kvitt,
Fraa joleband læt glad kvivitt,
Og engleord / um fred paa jord
Ikring oss leikar blidt.
Ja kling no, klokka, klaart og ton
Um jord den store jole-von,
So Adams ætt / av hjarta rett
Maa fagna Davids son.

Velkomen ver, barn Jesus som
Ifraa din faders høgsal kom
Med famnen full / av himmelgull
Ned til vaar armodsdom!
Velkomen ver, vaar livsens sol!
No ligg ei naaden meir i skjol;
Men straalar fritt / fra lægjet ditt
og lagar ævleg jol.
Velkomen du, vaar Gud og bror!
Aa dyre gjest! aa gleda stor!
I englelag / me syng i dag
Um frygd og fred paa jord. 

 


Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad