Som væne vaarsol morgonraud

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Kom hid til mig enhver især

Som væne vaarsol morgonraud
Stod Jesus upp av grav og daud
Med liv og ljos tillike.
Difyre vert, med' verdi stend,
Til vaardag kvar ein vetter vend
Med nøgd i naadens rike.

Som fuglekor i lid og lund
Syng vaaren lov kvar tid og stund
Med tone som ei tagnar,
So losnar tungor rundt um land
Og lovar daudens yvermann,
Naar paaskemorgon dagnar.

Som blomar brydder upp av jord,
Som greini grønkar, kornet gror,
Der vaaren venleg skrider,
So blømer alt i Jesus Krist
Til folkegagn og grøda visst
Med sol i seinste tider.

Etter Grundtvig.


Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad