Upp, lat oss Herren med nye kvad helsa

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Jesu, din søde forening at smage

Upp, lat oss Herren med nye kvad helsa!
Underleg velduge ero hans verk.
Lovsong lat tona! hans herlege frelsa
Ligg i hans heilage høgrehand sterk.
Han i si miskunn ei vilde oss gløyma:
Æveleg sæla i Sonen me vann;
Vida um jord han si sanning lèt strøyma,
Syner si rettferd i heidningeland.
 
Allheimen syngje for Herren med gleda!
Set i med salmar og jublande rop!
Fram fyre Herren med lovsong me treda;
Salme og harpa og lur, ton ihop!
Kling ifraa heid og fraa dalarne tronge!
Salmar og harpor og lurar, no gjer
Æra paa Herren, vaar Gud og vaar konge;
Herleg og høg yver allting han er.
 
Havet med alt som er i det, skal brusa,
Jordi og jordbuar alle paa rad,
Elvarne klappa i hender og susa,
Bergi skal syngja for Herren sitt kvad.
Gjenom all skapning skal lovsongen ljoma:
Ein gong med rett og med sanning han skal
Ned fraa sin himmel i herlegdom koma,
Dømande jordi og manns-æti all.
Etter Davids 98de salme.
 

Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad