Vaar fader, som i himlom er

(Salme, 1904)

Av Matias Skard

Tone: Kom hid til mig enhver især

Vaar fader, som i himlom er!
I Jesu namn me koma her
Og paa hans verdskyld byggja;
Gjer rett oss smaa, so bøni finn
Til faderhjarta vegen inn
Med barnleg tru og tryggja!

Ditt namn lat helgast, so din pris
Me kunnig gjer paa verdig vis;
Alt ureint ut lat brennast!
Di æra med ditt dyre ord
Gaa sigergang i kring um jord,
So hjarto til deg vendast!

Lat rett ditt rike koma ned
Til os med liv og ljos og fred
Og vænt ibland oss bløma!
Din kjærleik fylle kvart eit brjost,
So livet her vert rikt og ljost,
Som dine det kann søma!

Og lat din vilje verta gjord
Som i din himmel so paa jord!
Lær oss den bøni svære!
So viljen din vert viljen vaar,
Og me kann lyda glade naar
Du byder, fader kjære!

Gjev oss for kvar ein dag som gjeng,
Det som til daglegt brød me treng,
Lat næringssorg oss spara!
Gjer fatig broder rett oss kjær,
Til glade gjevarar oss gjer,
For girugskap oss vara!

Forlat vaar skuld, og lat oss faa
Tilgjevings Ande, so me maa
Vaar broder aldri hata,
Men at me alltid kvar og ein
Som heve gjort oss harm og mein,
Av hjartans grunn forlata!

Send aldri freisting soleis paa,
At krafti di ei klaarleg maa
I all vaar vanmagt sannast!
Og kjem der prøvings-tid, maa du
Oss halda uppe, so i tru
Me mogna maa og mannast!

Den vonde og hans heile her,
Med alt som vondt aa nemna er,
Du nadig fraa oss vende!
For ditt er riket, magti di
Og æra gjenom ævleg tid
Forutan maal og ende.


Frå Matias Skard: 100 Salmar. Gamle og nye. ("53 salmar" og "Ny samling salmar" saman). Kristiania: Forlagt af H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1904. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad