Ein gamall daling

(Forteljing, 1893)

Av Peter A. Skjeflo

Krokut og graa, men svær som ei kjempa, store glasaugo paa nosi og bukkeskjegg, - der hev de "signale­mentet" hans. Han var ikkje barnefødd ute i sjøbygdi, men i Øysterdalen. Difyr vart han kallad Jo Daling. Daa han tente kongen nede i Fredrikshald, var han rak i ryggjen og spendstig som ei staalfjødr. Og daa han kom ut i sjøbygdi, sette han vettet stilt i folk. For slik kar til aa dansa halling og slaast hev ikkje gjenget i tvo tresko paa landet der korkje fyrr elder sidan.

Det hadde ellest ein ser grunn, at han fluttade ut aat sjøkanten. Vil de la vera aa snakka um det, so skal eg gjerne fortelja det. For eg hev høyrt det av ein, som kjente til det.

Daa han Jo var paa sitt ein og tju fekk han umgongssjuka. Det var ikkje denne nymotens "influenza", nei, det var ein langt eldre sjukdom. Fyrste gong me høyrer um den, er, sovidt eg veit, i fyrste mosebok, daa Adam vaknade og fekk sjaa att det sidebeinet, som Vaarherre hadde teket fraa honom. Eit slikt "bein" var det, han Jo ogsaa fekk sjaa, og so tok det eld i hjartat hans ... Ja, de fær orsaka, at eg fortel nokot saa kvardagslegt, men det maa vera med. For det plar gjerne vera med baade i tide og utide. Noja, han Jo fridde og fekk ja, og alt skulde voret godt og vel, um berre dette "beinet" hans hadde voret eit godt, truverdigt "bein". Men desværre - ja, ver berre roleg, det skal ikkje verta nokon ulukkeleg kjærleiksroman dette her! - desværre, segjer eg, "beinet" var krokutt, peikte snart hit, snart dit liksom ei forvillat kompasnaal, og daa han Jo vart var, at "den magnetiske pol" likso snart var aa finna i andre hjarter som i hans, so vart han sinnat og reiste fraa heile komersen, ut til sjøkysten, - der var onnor luft og andre "bein", so han Jo frisknade til og gløymde ....

So vart han buande der. Han dreiv sjøen, braut nyland og tente tilslut so mykje, at han kjøpte seg ei stova utmed strandi. Og naar han hadde stova, kann de vita, han fekk kjerring ogso. Ho heitte Barbro.

Enno i sitt femtiande aar var Jo ein kar, som smaa folk laut sjaa upp til. Han var rak i ryggjen som den tidi, han stod paa "Giv akt!" Og det fulde vyrdnad med magti hans. Han arbeidde fyr tvo, naar han vilde. Men aari dei gjekk, og ryggjen hans Jo tok ogso til aa krofna. Tiderne var tronge, og det fall nokk so tungt aa klara seg.

So hende det, at dei tvo sønerne hans rodde paa sjøen ein dag og kom ikkje att meir. Slikt hender some tider ut med kysten. Fraa den tid vart det værre. Haaret hans kvitnade paa ei liti tid, og han la ut stræva hardare enn fyrr, for no var hjelpi burte. Ho Barbro rodde ofte med paa sjøen, og folk sa, ho var god fyr mangein kar. Men so vart ho klein - kannhenda ho tok fyr hardt i, - kvinnfolk toler ikkje stort. Difyr hev dei ikkje røysterett helder ...

Tilslut gjekk det, som trulegast var - han Jo og ho Barbro fekk pensjon. Dei vert burtsett paa kassen, forstaar de.

No trefte det so heldigt - fyr fatigkassen, ja! - at han Haldo Holmsnes aldri kunde faa tenestegutar. Kvat det kom seg av, skal vera uvisst. Men some sa, han var ein gniar, andre, at han hadde slik ein kalkun til kjerring. No syntest Haldo, at Jo var stor og sterk enno, han maatte kunna arbeida nokot. Difyr skulde han ta honom fyr "spottpris". Men kjerringi vilde han ikkje ha fyr nokon pris.

Dei tvo bad so vakkert, at dei maatte faa vera ilag, til til ein af deim døydde. Men fatigtilsynsmannen laut gjera sin plikt og sjaa etter, kvat som vart det billigaste fyr bygdi. Og so vart dei to gamle skilde aat. Ho Barbro kom til Tangvaagen, og han Jo kom til Holmnes fyr "spottpris". Straks etter døydde Barbro, for ho hadde tering.

Men daa ho var daud, tok han Jo til aa kjenna seg so einsleg der i bygdi. Han hadde korkje ven eller frende aa halda seg til. Og paa Holmnes hadde han det ikkje fyr godt. Dei galne førkjorna der gjorde narr av honom og ertade honom. Han laut arbeida som ein husmann. Men naar det some tider gjorde fyr vondt i ryggjen, fekk han vondord, fyrdi han var lat. Naar han um veteren bar seg, fyrdi han fraus uppaa det varmelause loftet, der han laag, so vart kjerringi so ilske pine galen ... den andre mannen skulde ha slike karar, meinte ho ... um ein gjorde aldri so mykje godt mot deim, so haustade ein berre utakk til løn ... sengkledarne? Var det det han sa? Var dei ikkje bra nok kannskje? Han skulde vel ligget i dundynor han! Jau­visst ja! - han maatte hugsa, at det var fyr sælebot, dei hadde honom ... han hadde ikkje nokot aa klaga, maatte berre tia, elder so ... Og gamle mor Holmnes knyttade neven upp imot tennerne paa honom.

Naar ho trefte fatigtilsynsmannen, la ho ut um, kor godt han hadde det paa alle sett og vis denne gamle dalingen, men kor sær og rang han likvel kunde vera ... han hadde det fyrgodt, det var det værste ... skulde han utretta nokot, so grein han berre og var lei ... igrunnen var han eit stort troll, det svor ho paa.

Men han Jo braut nyland, han Jo tok veitor, og han Jo gjekk i skorgong med dei andre paa slaattevollen. Fælt ilt gjorde det i den gamle skrotten, men - "me lyt arbeida me andre og", sa han Haldo, "og eg hev ikkje raad til aa lata deg gaa som nokon herremann, naar ikkje kassen hev raad til aa betala meir fyr deg".

Men han Jo fraus baade innvortes og utvortes. Verdi var honom myrk og kald. So tok han til aa liva paa gamle minne. Bygdi fraa ungdomsaari kom stigande fram fyr tanken. Fjelli, som blaanade, dei myrke granaasar, gardarne, elvi og vatnet nede i dalen ... Han fekk ikkje fred for dette syn. Det stod fyr augo um notti, so han fekk ikkje sova, og um dagen gjekk han med krokutt nakke og doggfallne brillor - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Ein kveld kom han stigande inn i stova aat hr. fatigtilsynsmann Simen Nesset. Han hadde tvo parr brillor paa. Det brukte han i høgtidelege stunder, naar han skulde sjaa vel. Eit par veikjor burte med glaset fekk vondt. Dei kniste og kviskrade. Det maatte vel tvisynast fyr dalingen idag, meinte dei. Jo gjekk stad og handhelsade paa Simen, so sette han seg nedmed døri. Han var krokut og kvit i skjegget.

"Du er vorten gamall no, Jo", sa Simen.

"Aaja", meinte Jo og rettade seg, "men no tenkjer eg aa gaa til Øysterdalen. Eg vil be fatigstyret um litet pengar, so eg kan koma meg til Trondheim. Sidan er eg meint paa aa gaa heile turen".

Veikjorna skompade burt i kvarandre, og Simen saag ut, som um nokon hadde fortalt, at dei vilde reisa paa jarnveg aat maanen.

"Du tenkjer vel fyr langt daa lell, Jo", sa han og drog munnen upp til ein medlidande flir, "du hev det so godt, der du er, at du lyt takka Vaarherre, fær du vera der til din dauddag".

"Eg vil ikkje vera der", sa Jo og skalv um lipporna.

"Jaha - det vert no bygdi, som gjær av det", meinte Simen og sputtade verdigt aat eine sida.

"Eg veit ikkje, eg skal ha fortent slaveriet paa mine gamle dagar eg helder".

"Ti stille, Jo! Me veit, korleis du hev det. Det staar ikkje nokot paa deg. Men folk segjer, du er trollut! - Du skulde ikkje vera stortøk, tykkjer eg, naar du hev stelt deg slik, at bygdi lyt føda deg paa dine gamle dagar. Kvat hev du lagt fraa deg aat bygdi, skal tru?"

"Eg betalte mine skattar eg og ei tid, og helsa mi hev eg lagt att her i bygdi", sa gamle Jo, - i tankarne saag han alle dei lange, slitsame aar, han hadde stridt og strævat og gjort sin plikt, til han var utsliten.

"Helsa di fær du krevja Vaarherre etter, - den hev ikkje bygdi faat", sa Simen.

Jo svarade ikkje. Han vart so rar kring munnen, og jammen var det ikkje, som han saag gjenom røyk, ennda han hadde tvo par brillor paa.

"Let meg reisa!" sa han, "gjev meg saa mange krunor, at eg kjem til Trondheim, sidan skal eg gaa. Eg fær ikkje fred, fyrr eg ser Øysterdalen att".

Simen sputtade fornuftigt.

"Kann du venta, at bygdi gjev deg lov til aa reisa? Sett, at du vart liggande paa vegen elder vart klein, naar du kom fram. Kven fekk so kosta deg hit att? Det vart vel me det".

"Eg hev skyldfolk der, dei vil kosta meg hit, ifald eg ikkje fær vera der".

"Hm! - Det er ikkje aa lita paa. Det er ikkje sagt, at dei eig meir held skjorta si dei helder. - Aa nei, denne tanken maa du slaa fraa deg, Jo. Du hev det godt nokk, der du er, og rettno skal du vel døy du og, veit eg. - Eg kan i allfald ikkje gjeva deg lov til aa reisa, neimenn um eg kann fyr mitt samvit si skuld".

Veikjorne kviskrade, flirte og saag burt paa Jo, medan dei sat og kardade. Jo skjynte, han hadde ikkje meir der aa gjera, han tok huva si og gjekk.

"Reisa til Øysterdalen han - enn aa koma paa slikt! Han gjeng i barnsdømet kallen", sa Simen.

Gamlingen høyrte dette sidste. Han gjekk med bøygt hovud burtyver vegen. Enno var han nokot av ei gamall kjempa, men utsliten og graa. Han laut ta av brillorna, for dei vilde ikkje halde seg klaare ... So skulde han altso ganga her og stura til dauden kom og tykte synd i honom. Dei skulde ha honom til bein fyr bikkjorna paa Holmnes. - Nei, han maatte til Øysterdalen! Han matte sjaa desse fjelli igjen, som han hugste so vel fraa ungdomen av - han maatte! Dei tankarne fekk han ikkje vækk.

Kanske han skulde visa deim herute, at han ikkje gjekk i "barnsdømet" enno Gamle Jo spekulerte. - Drengen paa Strand var jo daling ... kunde han berre faa laant so mykje, han kom til Trondheim. Sidan fekk han tiggja - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Det var tidleg ein morgon.

Dampbaaten til Trondheim var aa sjaa ute i leidi. I baaten, som la ut fra stoppestaden, sat Jo Daling med ein panke under handi. Han skulde berre vera med aat næste anlaupsstaden, forklaarade han aat baatfolket. - Eimbaaten stoppade, han Jo gjekk umbord. Daa kom ein baat roande, so fossen stod. Ein mann reiste seg upp, svingade med hatten og ropte aat kapteinen.

Jo ragade burt yver dekket, pankan datt or handi, - han stod der kvit i andlitet med knytte nevar og stirde mot baaten ...

"Hr. kaptein! De hev ei rømling umbord", ropte mannen. Baaten la ataat skibssida og Haldo Holmnes sprang innpaa dekket.

"Tenkjer du aa røma, kall?" sa han og treiv Jo i handi. Jo vendte seg, greip med dei dirrande nevar Haldo i brystet, so slepte han braat tak igjen og sprang mot skipsrekkja fyr aa kasta seg ut, han vilde ikkje liva lenger, den tanken kom som kastat yver honom. Men han vart gripen bakfraa og halden fast. Daa seig han isaman som ein tom sækk. Dei bar honom næsten ned i baaten, og der laag han stille i skotten, alt til dampskipet fyr full stim la innyver. Daa reiste han seg i kne, gret som eit litet barn og strekte hendame etter den lange røykvimplen, som laag burt yver sjøen.

Men Haldo rodde av alle krefter.

So vart den gamle daling gangande derute, draumande um bygdi fraa ungdomsaari. Dei myrke granaasar, gardarne, elvi og vatnet nede i dalen ... Han fekk ikkje fred fyr dette syn. Det stod fyr augo hans um notti, so han fekk ikkje sova, og um dagarne gjekk han med krokut nakke og doggfallne brillor.


Frå Peter A. Skjeflo: Bygdafolk. Ein bundel smaaskissor. Stenkjær: Fridtjof Andersens Forlag 1893. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad