I kvelden

(Dikt, 1893)

Av Peter Andreas Skjeflo

(Eit laust blad fraa papirkorgi)

No kveldar det derute,
det lider mot ei nott,
so myrkt det vert i dalen,
naar soli ned er gaat.

No haustast det derute
ein sumar burt er drøymt,
snart vert vel og min livsdraum
i skuggedalen gøymt.

No stormarne derute
det gule lauvet slit,
men stormarne herinne
meg jagar hit og dit.
 

Frå Peter A. Skjeflo: Paa Rim. Stenkjær: Fridtjof Andersens Forlag 1893. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad