Kvat havbaara syng

(Dikt, 1893)

Av Peter Andreas Skjeflo

Berr ligg den brunlege nakne heid,
bladlaus er busk og lyng,
høgt um dei haustlege holmar
havbaara syng.

Stynjande stig gjenom regngraa luft
songen fraa skumkledd vidd,
tungt um dei trelause øyer
tonarne glid.

Straumar enn stille det blaagraa hav
straalande stort og klaart,
susingi syng imot landet
sukkande saart.

Kling som eit kvede um livsens kamp
kringum dei ytste skjer,
minne um mannefall mange
med seg det bær.


Frå Peter A. Skjeflo: Paa Rim. Stenkjær: Fridtjof Andersens Forlag 1893. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad