Maalstrævarvisa

(Dikt, 1893)

Av Peter A. Skjeflo

Som: Til sæters, til sæters

:,: Me stræva, me stræva,
smaatt gjeng det nokk, men godt :,:
lat berre spottarar kalla det "røra",
stræving og røring til maalet skal føra.
stræv traat, stræv traat,
so vinn me smaatt um smaatt!

:,: Me stræva, me stræva,
det norske maal maa fram! :,:
ljos yver land skal det tonande bera,
veksa seg fagert til Norig si era,
løysast, løysast
utav sin dvergeham.

:,: Me stræva, me stræva
med hugheil tru og mot, :,:
der, som han Ivar paa nylandet rudde,
Aasmund og Arne paa torverna snudde,
blømar, blømar
det vænt ikring vaar fot.

:,: Me stræva, me stræva,
me er ein trottug flokk, :,:
ungdom paa dækket og alder ved roret
mangeingong skuta aat hamni hev boret.
Stræv traatt, stræv trott,
so greider me det nokk!


Frå Peter A. Skjeflo: Paa Rim. Kristiania. I Kommissjon hos Bertrand Jensen 1893. Elektronisk utgåve 2003 ved Nynorsk kultursentrum