Sumar i Norig

(Dikt, 1888)

Av P. A. S. [Peter Andreas Skjeflo]

No er her vænt i Norigs dalar,
so vænt som i ein fager draum,
fraa skog og fjell det syng og talar,
alt andar i ein livsens straum, -
der finst 'kje yver all den jord
ein sumar slik som her i nord!

Og fjelli stend i straaleglitter
med sylverband um grøne barm,
i lufti lyder svalekvitter,
og vinden bles so mild og varm,
fraa blom til blom vel tusund liv
i soli leikar seg og sviv.

Aa nei, rett i dei grøne dalar,
naar heggen stend av blomar kvit!
Aa nei, rett i dei ljose salar,
naar bjørki fær att lauvet sitt!
Nei, rett tilfjells paa sætervang
med song og leik og bjølleklang!

Og all den sut, som bit og harmar
og gjerer heimen myrk og kald,
maa burt, naar sumarsoli varmar
og teker vintren uti vald,
den barm, som fyr var kald og trong,
vert varmad upp med sol og song.

Fyr gamle Norig enn eg vonar
ein stor og fager sumardag,
daa syngjast kann med fagre tonar
og myket betre ordelag:
Ja, væn er sumaren i nord
som ingen annan stad paa jord!


Frå Dag. Blad aat ungdomen. No. 84. Laurdag den 30de juni 1888. 4de aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad