I Øresund

(Lesestykke, 1885)

Av Bernt Støylen

So fagert som det er i Øresund ein solskinsdag, skal du sjeldan sjaa. Der laag skip i hundradtal. Sume hadde segli uppe, og sume hadde gjort fast og kastat ankeret. Sjøen var blenkjande som ein spegjel, so du saag skipi likso godt nede i sjøen som uppaa sjøen. Damparne for rennande, den eine fyre og hin etter, og saag so kaute paa oss, som ingen stad kunne koma. Skipsgutarne dreiv paa og song visa hans Ivar: "Dei vil altid klaga og kyta, at me ganga so seint og so smaatt; men eg tenkjer dei tarv ikkje syta, me skal koma um ikkje so braatt".

Kringum skipi var det fullt av smaabaatar, som vilde selja mjølk og egg og fisk og kjot, og so tok dei med seg iland brev. Der kom ein slik burt til oss aa baud oss flyndre. "Kor gamal er flyndra di?" spurde kapteinen vaar. "Ja, hvor gammel den er, kan jeg saamen ikke vide, kaptein, men den lever da iallefald", svarad den spottekroken.

Det vart noko keidsamt aa liggja der utpaa sundet i solsteiken dag etter dag. Difor var det ei heil glede aa faa sleppa iland og sjaa seg um. Me skulde naturlegvis fyrst til Kjøbenhavn og sjaa paa all herlegdomen der, men det vart liti glede av. For der var so steikjande heitt, at sveiten silad, berre ein gjekk ei gate tilendes. Landet kringum Kjøbenhavn er rett underlegt. Det er som den finaste hagen allestader og so trillande flatt som ei fjøl. Langs sundet nordetter ligg der by etter by og store skoglundar, der rikfolket hev bygt seg slott med taarn og spir, som det skulde voret kyrkjur.

Paa hi sida av sundet ligg Svenskelandet, og der er det og som det skulde vera ein by heile vegen langs strandi. Naar det so tok til aa myrkna, og dei kveikte ljos i alle dei hus og heimar der uppe i land, daa vart sundet eit straalehav, og strenderne ringad seg kring det og blenkte og glitrad med ljos i ljos. Eg gjekk upp i merset ein kveld til aa sjaa meg betre ikring, og aldri gløymer eg det utsyn, som der opnad seg. Kring skipet laag havet stavande stilt. Hine skipi saag ut som skuggar i sjøtromen. Dei raude og grøne lanternur var trollaugo, og damparne var kattar, som for og fræste og mjauad, kvar gong dei kom ivegen for kvarandre.

Der laag Kjøbenhavn og lyste og dirrad i ljoseimen so stort og flatt. Der laag Helsingør berre som ein husmannsplass mot sjølve store garden, og so paa hi sida Helsingborg og Landskrona og Malmø som ei lang perlerad. Bakum denne kransen blinkad det ljos i ljos, so langt augat timde, liketil det gjekk i eit med stjerneheimen.

Dei heldt fest i byarne kringum, høyrdest det ut til. Det ljomad av spil og song, og dei skaut eldkulur i alle slags fargar langt upp i lufti.

Leid ut paa kvelden kom der ein liten gust av austanvind. Daa kann du tru der vart liv i alle dei svarte skuggarne rundt ikring. Der vart roping og riving. Kjettingame ramlad, og gangspili klikkad og klampad. Skipi vart klædde og tok til aa rugga paa seg, og det vart ikkje lenge um aa gjera, fyrr me kom ut i havgapet. Der laag sundet og dei ljose strender som ein fager ljosveg bak oss, og framfor oss saag me eit kolsvart djup. Det var det opne havet, som i natti stod framfyre oss som ein myrk fjellvegg.


Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania , 1885. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad