Det djupaste knefall

(Dikt, 1952)

Av Marie Takvam

Eg vil danse.
Eg vil danse for deg
i skinet frå natt-lampen.
Kjolen løyser du av meg
og håret skal falle fritt.
 
Eg vil danse ein ung dans
etter songen inne i meg
og til tonane frå spana strenger.
 
Du skal vere nær.
Du skal falle på kne
ved føtene mine.
 
Du skal liggje på kne
i halvlyset,
lenge.
 
Ein mann på kne
for ei dansande kvinne:
Det djupaste av alle knefall –
og det vonfullaste.


Første gongen prenta i Marie Takvam: Dåp under sju stjerner, 1952. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum. Publisert på www.aasentunet.no 22.11.2007.
Brukt med løyve frå familien og Gyldendal