Levande løyndom

(Dikt, 1959)

Av Marie Takvam

Løyndom av sol i mitt blod
- av kjøvde rop gjennom år –
ifrå mitt tolvte
då livet viste seg for meg
og var ei stor bøygd valmue –
og til ho folda seg ut over mitt skjelvande ansikt
vigde meg inn til tenar ved løyndomars altar –
tvinga meg ned på kne i hagar
med blomen lysande gjennom mi hud
raudt og giftig –
 
Baud meg å vandre i korridorar
med blomen under ei kappe av grå silke.
 
Eit raudt lys i mitt blod,
ein vill song i min strupe –
Ein løyndom som er mitt samsonhår.
Enn ikkje diktet får vite hans namn –
 
Men folk som står ved vegen
bed meg om almisse,
ser nok at eg er rik.


Første gongen prenta i Marie Takvam: Signal, 1959. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum. Publisert på www.aasentunet.no 22.11.2007.
Brukt med løyve frå familien og Gyldendal