Reise seg

(Dikt, 1980)

Av Marie Takvam

Den som aldri har lege oppskrubba i utforbakkar,
aldri har halta med gips rundt ankelen,
aldri falle for smil frå lepper
som løynde hoggtenner og blitt oppgnaga nær inntil døden
aldri har vandra i glede mot utstrekte hender
som greip hardt og slo – funne seg liggande i blod
einsam på jorda,
aldri har gått seg vill i skremmande skogar
på leiting etter ein blome med ukjent namn
aldri har stupt i trapper av rusgifter
og svimla i svermar av ukjende stjerner,
har aldri kjent den umåtelege glede
ved å kunne reise seg att, falle og reise seg att,
finne att den første veldige siger langt, langt
tilbake i ein barndom som tida har raka oske over.
 
Som eingong langt tilbake i urtida, kravlar
eg meg opp på jorda att, først på hender og kne
så står eg på eigne føter og kan gå!


Første gongen prenta i Marie Takvam: Falle og reise seg att, 1980. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum. Publisert på www.aasentunet.no 22.11.2007.
Brukt med løyve frå familien og Gyldendal