Voggesong til Magnus

(Dikt, 1959)

Av Marie Takvam

Spør ikkje, spør ikkje
guten min,
- våpen er til for fred –
Alle dei klokaste folk i verda
leiger seg våpensmed.
 
Gråt ikkje – gråt ikkje
leike deg du.
Bygg deg eit slott av plast.
Inne bak mørke løynlege portar
ligg det eit hjarte fast.
 
Kom skal vi mane ein tanke dit inn,
legg deg på kne og seg:
- Menneskehjarte, menneskehjarte,
nokon har bruk for deg.
 
Vakna nå opp og driv ditt blod
til øydemarks årenett,
då skyt dei knopp, dei øydemarks liljer
ingen enno har sett –
­_ _
 
Spør ikkje – spør ikkje
guten min –
Tidsnok vil du forstå:
mor di har ikkje hjarte til svare
før dagen kjem då ho må.


Første gongen prenta i Marie Takvam: Signal, 1959. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum. Publisert på www.aasentunet.no 22.11.2007.
Brukt med løyve frå familien og Gyldendal