Carl Frode Tiller
Carl Frode TillerFoto: Akam1k3

Carl Frode Tiller

Carl Frode Tiller er forfattar av romanar og skodespel. Tiller er festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2019.

Carl Frode Tiller er fødd 4. januar 1970 i Namsos. Han er utdanna cand.phil. med historie hovudfag frå NTNU i Trondheim og bur framleis i Trondheim.

Tiller debuterte i 2001 med romanen Skråninga. I 2003 kom romanen Bipersonar, i 2007 Innsirkling, i 2010 Innsirkling 2 og Innsirkling 3 kom i 2014. Forfattaren dramatiserte Skråninga for Det Norske Teatret i 2004, og i 2011 blei Innsirkling sett opp same staden. Tiller har òg skrive teaterstykka Folkehelsa, som gjekk på Trøndelag Teater i 2007, Portrett av ein varulv (2011) og Kven er redd (2015), som gjekk på Det Norske Teatret same året. Saman med blant andre bandet Motorpsycho skreiv han teaterstykket Begynnelser som blei sett opp same staden i 2016. I 2017 gav han ut ein roman med same namnet.

Tiller har fått ei rekkje prisar og nominasjonar, mellom anna to gongar P2-lyttarane sin romanpris for Skråninga i 2001 og Innsirkling 2 i 2010, og Tarjei Vesaas’ debutantpris i 2001 for Skråninga. Han fekk Brageprisen og Kritikarprisen for Innsirkling i 2007. Han blei òg nominert til Nordisk Råds litteraturpris for denne romanen og for oppfølgjaren Innsirkling 2. I 2008 fekk han Sultprisen, som er Gyldendals litteraturpris til «et eminent, yngre forfatterskap». I 2009 fekk han European Union Prize for Literature for Innsirkling, og i 2011 fekk han Liv Ullmann-prisen og Nord-Trøndelag fylkeskommunes kulturpris. For Begynnelser er han nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2019. Tiller blei i 2005 kåra som ein av dei ti beste forfattarane under 35 år av Morgenbladet. Tiller er festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2019.

Det teatrale

Felles for romanane er at personane er hardt ramma, dels av ytre hendingar som ulykker og død, men først og fremst av sjelelege smerter, som gjerne er knytte til vanskane med å nå fram til andre menneske. Det problematiske samspelet i familien eller blant vener styrer personane inn i teatrale positurar. Dei lèt som om, dei pressar fram latter, dei spelar rollene sine som best dei kan. Handlingar og replikkar kan ha eit sterkt preg av tvang over seg, og personane kan verke fanga i handlingsmønster dei ikkje greier å kome ut av.

 

Frå Marta Norheim: "Carl Frode Tiller", Allkunne.no, sist oppdatert 2.8.2018 [lesedato 3.5.2019]

Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.