Det andre rommet

(Dikt, 2001, utdrag)

Skogen er min heim
Eg kjenner botnen under meg
så mjuk og slett
Her finst det gater
Byar gøymer seg
i glenner mellom tre
Eg tenkjer på Manhattan
bada i sol
Fuglesongen, den grana der
liknar Empire State Building
Alt er ekko, alt
er djup romklang
frå undergrunnen
   
-------------------------------
   
Eg likar sauebønder
sauebønder likar små ting
spinkle dyr, ikkje så runde
som den tjukke ulla
skulle tyda på
 
Sauebøndene har små hus
og låge florar
Med vassgrå vegger
og sølvfarga tak
går dei i eitt med terrenget
 
Sauebøndene kastar mat til dyra sine
i den gamle brya av tre
Dei deler kraftforet ut
med eit litermål
Dei lamtunge
får mest
  
---------------------------------
  
Sauebøndene er ferdige
i det kalde fjøset
Det er kveld og dei står
ei stund ved lysbrytaren
før dei sløkkjer og famlar seg ut
i det tette mørkret
 

Frå Lars Amund Vaage: Det andre rommet. Oktober 2001. Side 41, 59, 60. 
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.