Den burtkomne sonen

(Omsetjing, 1896)

(Luk. 15. 11 pf.)

Umskrivi av Ivar Aasen

11. Ein mann hadde tvo søner.
12. Og den yngste av deim sagde til faderen: fader, lat meg faa den luten av godset, som høyrer meg til. Og han skifte godset imillom deim.
13. Og nokre dagar deretter tok den yngste sonen (all sin arv[l]) og foor av til eit land, som var langt burte; og der øydde han arven sin upp i ulivnad.
14. Men daa han hadde øydt upp alt, som han aatte, vardt der eit stort uaar i dette landet; og han tok til at lida naud.
15. Og han gjekk avstad og feste seg til ein bumann der i landet, og denne mannen sende honom ut paa marki si til at gjæta svin.
16. Og han vilde gjerna hava mettat sin mage med avfall, som svini aato, og ingen gav honom nokot.
17. Daa kom han til seg sjølv og sagde: kor mange dagleigarar hever daa fader min, og dei hava nøgdi av mat, medan eg ormegtest av hunger!
18. Eg vil risa upp og ganga til fader min og segja til honom: fader, eg hever syndat mot himmelen og mot deg.
19. Og eg er inkje lenger verd aa kallast son din; tak meg berre som ein av dine dagleigarar.
20. Og han reis upp og kom til fader sin. Og daa han endaa var langt burte [2]), saag hans fader honom og ynkadest yver honom, og han sprang til og tok honom um halsen og kyste honum.
21. Men sonen sagde til honom: fader, eg hever syndat mot himmelen og mot deg, og er ikkje verd aa kallast son din.
22. Men faderen sagde til sine drenger: bere fram den beste klædebunaden og late honom fara i, og give honom eit fingergull paa handi og skor paa føterne.
23. Og take fram ein gjødd kalv og slagte, og late oss eta og vera glade.
24. For denne sonen min var daud og er atter livnad, og var burtkomen og er atter funnen. Og dei toko til aa gledja seg.
25. Men eldste sonen hans var ute paa marki, og daa han kom nærre heim aat husom, høyrde han ljoden av song og dans.
26. Og han kallade ein av drengjom til seg og spurde, kvat dette var.
27. Men han sagde til honom: broder din er atter komen, og fader din hever slagtad ein gjødd kalv, fyrdi han hever fenget honom heil heim atter.
28. Daa vardt han vreid og vilde inkje ganga inn; og daa gjekk fader hans ut og bad honom.
29. Men han svarade og sagde til faderen: sjaa, so mange aar hever eg tenat deg, og endaa aldri brotet dine bod; men du hever aldri gjevet meg so myket som eit kid, at eg kunde gledjast med mine viner.
30. Men no, daa denne sonen din er komen, som hever øydt upp arven sin med skjøkjor, daa slagtar du ein gjødd kalv aat honom.
31. Men han sagde til honom: son min, du er alltid hjaa meg, og alt det, som er mitt, er ditt.
32. Men no skulde du vera glad og fegen, av di at denne broder din var daud og er atter livnad, og var burtkomen og er atter funnen.

("Bogvennen").

[1] Rettet fra: heile arven sin saman. (O. A. Ø.)
[2] Rettet fra: ifraa. (O. A. Ø.)

Matias Skards omsetjing av same tekst.


Frå Den 17de Mai. Norsk folkeblad. Tysdag 25. august 1896. 3. aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad