Black & Decker og 20 andre historier

(Roman, 2006, utdrag)

Blå himmel
 
Alle andre har visst sett deg. Alle utan eg. Eg forstår det på dei.
            Dei har sett den usynlege tråden din. Den som stundom heng ned frå himmelen og som du har vikla halvvegs rundt foten når du kjem glidande ned langs den, lett som ingen ting, heilt til du er nede på jorda akkurat her.
            Så synd at brønnen opnar seg under deg akkurat då. Dette svartnande brønnhòlet i jorda, fullt av kaldt, djupt vatn. Ikkje rart du berre søkk langt ned og forsvinn i brønnmørket. Du skulle heller landa ein annan stad. Her. Og blitt verande her.
            Det er lett å forstå at når du likevel dukkar opp att, så er det i det kvite badekaret med solvarmt vatn langt ute på enga. På enga er det også godt å gå berrføtt. Det korte sommargraset passar til det. Du småspring bortover bakken, heilt til huset. Der går du inn i det svale romet og tar på deg litt klede. Litt til. Litt fleire. Di meir du kler på deg di kaldare blir det utanfor.
            Og når det er vinterfrost ute, opnar du døra, ser på den store vinteren og stig beint ut i den. Du trør i snøen til du kjem bortpå bakkekanten der vinteren stuper seg unnabakke. Det er hit du vil nå. Du kastar deg framover på magen og hojar høgt mens du sklir så det susar nedover. Hojinga di har eg høyrt. Ja, nedover går det og farten aukar. Heilt til bakken endar nede ved stranda der isen strekkjer seg utover, flat og grå som eit golv. Her sklir du utover som ein strek, ikkje så fort nå og utan å hoje, mens farten blir mindre og mindre, som når ein stein glir utover, og isen under deg berre blir tynnare og tynnare og meir og meir blank. Når du endeleg ligg still og har stoppa heilt, er isen blitt så tynn at den berre er vatn som speglar skogen på den andre sida.
            Då er det at du grip den usynlege tråden som heng ned frå himmelen akkurat der du er. Og du klatrar oppover til du blir borte ein stad høgt oppe der det er blått mellom skyene.
            Og tråden har du nok sikkert tatt med deg, for eg ser ikkje noko til deg eller den, same kor mykje eg ser, sjølv om alle andre må ha sett det.
            Eg ser og ser. Det er mykje eg ikkje skjønar. Men at du må vere ei underleg jente, har eg forstått.
 

Frå Einar Økland: Black & Decker og 20 andre historier. Det Norske Samlaget 2006. Side 93-94.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.