Møte med eit gammalt bilde av Marilyn Monroe

(Dikt, 2002, utdrag)

Møte med eit gammalt bilde av Marilyn Monroe
 
etter ho hadde si glanstid i tvilsomme filmar
etter ho blei funnen død
etter overdosen av søvnmiddel
etter eg nå er blitt vaksen:
            herregud, så vakker ho var!
 
eg brydde meg ikkje om henne dengong
eg skulle ha tørre syrlege gutejenter i den tid
det eg ser nå er det eg har mist:
            Marilyn –
borte for alltid – etterlet seg einast sitt bilde
eit utilbedeleg bilde – ho hadde jo tømt det sjølv
            ho blei det vakraste bilde
            ho blei det varigaste bilde
            fanga i bildet ja vel
            men så fanga ho også bildet
så vakker var Marilyn Monroe
 

Frå Einar Økland: Dikt i utval. Det Norske Samlaget 2002. Side 115.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.