Fager er den himmel blå

(Omsett av Anders Hovden, 1900)

Fager er den himmel blå,
sælt det er å skoda på
kor dei gylne stjernor blinkar,
kor dei smiler, kor dei vinkar
oss frå jordi opp til seg,
oss frå jordi opp til seg.
 
Det var midt i julenatt
kvar ei stjerna blinka radt,
men med eitt på himmelboge
stråla det so bjart ein loge
som ei liti stjernesol,
som ei liti stjernesol.
 
Når den stjerne ljos og blid
synte seg ved midnattstid,
gjekk frå gamalt ordi slike,
at ein konge utan like
skulle fødast på vår jord,
skulle fødast på vår jord.
 
Vise menn frå Austerland,
ferdastaven tek i hand;
denne kongen vil dei finna,
denne kongen vil dei vinna
og for honom bøygja kne,
og for honom bøygja kne.
 
Og til Davids by dei kjem,
finn han der i Betlehem,
utan kongestav og krona,
der det sit ei fatig kona,
voggar barnet på sitt fang,
voggar barnet på sitt fang.
 
Stjerna leidde sant og visst
vise menn til Jesus Krist.
Me har og den same stjerna
vil me berre fylgja gjerne,
finn me til vår Frelsar fram,
finn me til vår Frelsar fram.
 
Denne stjerna bjart og mild,
som kan aldri leida vill,
er det glade og det store
fagnadbod i bibelordet
til å lysa for vår fot,
til å lysa for vår fot.
 

Tekst: Nikolaj Frederik Severin Grundtvig 1810. Til nynorsk ved Anders Hovden i Syn og Segn 1900.
Melodi:Jacob Gerhard Meidell kring 1840 
Kjelde:” Det lyser i stille grender”. Syng jula inn, 2000
Brukt med løyve frå familien.
Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006