Velkomen til Nynorsk kultursentrum

Stiftinga Nynorsk kultursentrum arbeider for nynorsk skriftkultur.

Her kan du lese nyheitssaker frå Nynorsk kultursentrum

Her kan du lese årsmeldingane våre.

Ivar Aasen-tunet  
Her finn du artiklar om nynorsk skriftkultur og språk i verda. På nettstaden finn du det meste du treng å vite om Ivar Aasen, arbeidet og reisene hans. Det er sjølvsagt også informasjon om arrangement, utstillingar, kafétilbod og utleige i Ivar Aasen-tunet i Ørsta på Sunnmøre. Dei siste pressemeldingane frå Nynorsk kultursentrum ligg på framsida på Aasentunet.no.

Olav H. Hauge-senteret 
Dette er nettstaden der du finn mest informasjon av og om Olav H. Hauge. Artiklane på nettstaden gir òg eit innblikk i lyrikk i mange former, og på tvers av språkgrenser. Du finn òg det du treng å vite om reisemålet og arrangementa på Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger.

Vinje-senteret 
Du kan halde deg oppdatert på arbeidet med å etablere Vinje-senteret for journalistikk og dikting i Vinje i Telemark. Her finn du òg nyskrivne tekstar om Aasmund Olavsson Vinje frå fleire ulike skribentar. Her finn du òg alt du treng å vite om 200-årsfeiringa av Aasmund Olavsson Vinje. Det finst òg informasjon om Vinje-fondet for nynorsk journalistikk.

Allkunne 
Allkunne.no er eit allment digitalt oppslagsverk på nynorsk med over 25 000 artiklar om alle moglege emne. Kvar dag kjem nye artiklar til om alle verdas emne, skrive og kvalitetssikra av fagfolk, redaksjon og språkvaskarar. Allkunne er eit fritt og sjølvstendig oppslagsverk, redigert etter redaksjonelle retningslinjer for Allkunne som mellom anna byggjer på lov om redaksjonell fridom, Redaktørplakaten, Ver varsam-plakaten og forskingsetiske retningslinjer. Allkunne er gratis og reklamefritt.  

Tunkatten Lurivar 
Tunkatten.no er ein nettstad med innhald som passar godt for 5–12-åringar. Her finst songar, lydbøker, forteljingar og boktips for målgruppa på nynorsk. Songane har både lydfiler og notar. 

Handlenett.no 
Dette er nettbutikken til Aasen-tunet, Hauge-senteret og Vinje-senteret. Her finn du gåvene til den som har alt og til deg som fortener noko ekstra. Vi har eit breitt og nyttig utval av varer som ingen andre har, og eit stort utval i nynorsk musikk og litteratur for barn og vaksne. 

Følg avdelingane våre på Twitter, Facebook og Instagram. 

Nynorsk kultursentrum har kjøpt Nynorsk.no av Norsk Målungdom