Lyden av skrifta

Tale på Uppheimsplassen i Volda, 17. mai 2019, Per Magnus F. Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum.

Til lykke med dagen, godtfolk!

«Alle er like for lova», står det i Grunnlova. Fem ord. Åtte stavingar. Mykje meining. Det at dei enkle orda står der, gjer dei viktige, men det at eg seier dei høgt, gjer dei viktigare: «Alle er like for lova» er lyden av skrifta som gjer Noreg til folkestyret vi bur i.

Lyden av skrifta
Direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark
Det er noko uendeleg vakkert med at noko så enkelt som bokstavar på eit papir kan gjere alle like for lova, og at når eg seier det høgt, så minner eg dykk på at det er sånn det er. Alle dei hundrevis av 17. mai-talar i dag bind oss i hop fordi alle dei hundrevis av talarar seier høgt noko vi har til felles.

Skriftspråka gjer det mogleg at alle seier det same høgt mange stader samstundes. I dag les mange frå Grunnlova, og endå fleire syng. Salmen vi nett song, har vore sungen i 128 år, og eg har funne han att i over 100 17. mai-program i år. Då han kom, var det ikkje lov å syngje «Fedrelandet», som «Gud signe vårt dyre fedreland» heitte då, i kyrkja.

Å syngje salmar på nynorsk var radikalt og ulovleg. Kvifor var det det? Synet av talemål som skrift var radikalt. Folkespråket passa ikkje inn i det høgtidelege, meinte somme, men for mange fekk song og tekst ny meining når talespråket og skriftspråket blei likare.

Ei jente frå Vinje skriv i 1883 i avisa Fredraheimen: «Eg heve aldri kjendt meg so glad og byrg av Maalet mitt, som naar eg fekk i denne siste utkomne Samlagsboki ‘Nokre Salmar’, nei, den synest eg er makalaus. […] Den Dagjen eg fær høyre Kyrkje-song og Preike paa dette Maalet, for at den Dagjen maa koma, derom kan vel inkji vera Tvil.»

Lyden og skrifta kom nærmare kvarandre, og blei viktigare for henne. Det var nok derfor dei nynorske salmane fekk stort gjennomslag då dei først blei lovlege.

Då Maud og Haakon blei krona i Nidarosdomen i 1906, avslutta den høgtidelege seremonien med at kyrkjelyden song «Gud signe vårt dyre fedreland» av full røyst. Dei første offisielle orda på nynorsk i Nidarosdomen blei sungne av dei 2 300 menneska som var til stades i domkyrkja. Meir storslått inngang i folkeminnet kan du leite lenge etter. Då stortingspresident Hambro 9. april 1940 gir regjeringa fullmakt til å opptre som regjering også utanfor Noreg, avsluttar han slik:

Vi håper og tror at vårt folk skal ha evne og vilje til å bære en hvilken som helst tung gjennomgangsperiode slik at fremtiden blir bevart for våre barn, og vi sier alle: Gud signe vårt dyre fedreland, …

Og då krigen var over 8. mai 1945, blei den offisielle proklamasjonen frå leiinga i Heimefronten hengd opp i byar og bygder. Den avsluttar slik: «Sammen skal vi bygge landet opp igjen som et bedre, rikere, lykkeligere hjem for alle. Gud signe vårt dyre fedreland!»

Melodien song i hovuda, alle visste kva ein viste til. Den sungne songen og den viktige skrifta møter kvarandre. Symbola blir viktige, fordi det vi har sunge høgt, plutseleg blir ei avgjerande erklæring i skrift på ein vegg.

Det avgjerande kan også liggje i lyden. I 1999 høyrde Amadeo García García i Peru bror sin seie:

Je intavea. Je intavea.

To gonger sa broren dei to orda. Det var det siste bror hans sa til han. På norsk blir det: Eg har så vondt! Eg har så vondt! Je intavea! Je intavea!

Etter det har Amadeo vore aleine. Han er den siste i familien, og han er den aller siste som har taushiro som morsmål. Sjølv om det generasjonen før var over 2 000 brukarar. Språket er ikkje i slekt med andre språk.

Med orda «Eg har så låkt» døydde språket, men ikkje i draumane. Amadeo sa sist i eit intervju i fjor at han framleis berre drøymer, elskar og hatar på taushiro, sjølv om han snakkar spansk. Draumane og kjenslene hans får ingen fleire tilgang til. No er det berre han som forstår dei.

Med språket forsvinn viktig kunnskap om menneska og naturen i peruansk Amazonas. I språket finst kjelder til kva som har vore viktig, korleis ein tenkjer, og korleis menneska har ordna verda. Utan den kunnskapen forstår vi verda dårlegare. Den manglande respekten for mangfald og eigenart, til fordel for eit kappløp om ressursar, har gjort verda kulturelt fattigare.

På taushiro finst det no bevart berre tre songar, litt over 20 forteljingar og til saman 1 500 ord. Det er det som er att frå dei menneskeliva.

Det er derfor mange av oss arbeider for å ta vare på lyden og skrifta av menneska, anten dei er frå Volda eller Amazonas, Porsanger eller Tibet. Kombinasjonen av politikk, kunst, fag og sosiale menneske kan ta vare på den kunnskapen som sit i språka, som sit i hovuda på alle her på denne plassen. Skrift og tale, det heng i hop. Ivar Aasen hadde trua på å skape skrifta av lyden, og saman med lyden av skrifta skapte dette ein skriftkultur som forandra Noreg.

Noreg blei eit av dei første offisielt fleirspråklege landa i verda, med jamstillingsvedtaket i 1885. Nynorsk og bokmål er to av om lag 70 språk som er brukte i ei offisiell grunnlov. Det er derfor eg kan seie:

«Alle er like for lova.»

Det er det du seier høgt, du proklamerer til verda at du meiner sterkast. Det er derfor det å seie til nokon at du elskar han eller henne, tyder meir enn eit hjarte i ei melding:

«Eg elskar deg.»

Det er lyden av hjartet. Det er lyden av erklæringa du har høyrt mange seie før, men som tyder mykje for nett deg nett der og då. Derfor seier du det, og derfor seier eg:

«Alle er like for lova.» Det er det viktigaste å hugse for å skape den fellesskapen Volda, Noreg og verda treng no og i framtida.