Våde

tyder 'plage', 'otte' eller 'ulukke'...

(substantiv hankjønn)
tyder 'plage', 'otte' eller 'ulukke' og er vel i dag mest kjent i det samansette ordet vådeskot. Ordet er haugande gammalt og hadde forma vadi i norrønt mål. Farlege ting er gjerne "vådelege"; og elles kjenner mange sikkert òg nærskylde ord som eldsvåde og vådeverk. I dag er det helst på Vestlandet vi finn vådemest brukt.