Veggehjelm

Når havbåra slår mot bergvegger...

(substantiv hankjønn)
Når havbåra slår mot bergvegger på yttersida av Senja, kallar ein det for veggehjelm. Ordet kan òg tyda bårer som slår tilbake frå skipssider: "han kom under veggehjelmen ifrå skøyta". Leddet - hjelm kan koma av hjelm (hinne, tynt skal) eller gjelv (sterk båregang ved land).