Vette

er eit gammalnorsk ord vættr...

(substantiv inkjekjønn)
er eit gammalnorsk ord vættr, som no tyder det same som ein overnaturleg skanping, ei åndeller ein gud. Jamnast høyrer ordet til dei førestellingane folk tidlegare hadde om underjordiske vesen, tussar og troll. Ivar Aasen kallar vettet for genius og usynligt væsen i Norsk Ordbog (1873). Og i folketrua fanst det både godvette og vondvette; mange meinte jamvel at kjærleiken var ei kraft og ei grille som var kome frå eit slikt usynleg vesen.