Språkplakat om Noreg og Norge

1 Vitalitet. Både bokmål og nynorsk er blant dei hundre mest vitale språka i verda. Nynorsk er eit mindre brukt språk enn bokmål i Noreg, men eit stort språk i verda med om lag 600 000 brukarar. Sju av ti språk i verda blir brukte av færre enn 100 000.

2 Jamstilling. Då Stortinget i 1885 jamstilte nynorsk og bokmål som to norske språk, blei Noreg ein av dei første formelt fleirspråklege statane i verda. I dag er Noreg delt på midten i synet på om dei to språka framleis skal vere jamstilte.

3 Demokrati. Frå 1892 har innbyggjarane lokalt avgjort språk i kyrkje og grunnskule. Frå 1930 har kommunane bestemt kva språk staten skal bruke overfor dei. Etter meir enn 4000 lokale folkerøystingar heng språk og demokrati tettare saman i Noreg enn i mange andre land. Språkstriden har lært nordmenn korleis kulturelle konfliktar kan løysast utan vald.

4 Stabilitet. På svært mange samfunnsområde er bruken av nynorsk og bokmål ganske stabil. Halvparten av dei som bruker nynorsk i grunnskulen, blir verande nynorskbrukarar gjennom den vidaregåande skulen. Noko fleire vaksne kvinner enn menn bruker nynorsk, men unge kvinner er ofte meir kritiske til nynorsk enn unge menn. Bruken av bokmål aukar med inntekt og utdanning.

5 Talemål. Den største språkendringa i Noreg dei siste 50 åra er at folk flest snakkar dialekt i dei fleste samanhengane, men ikkje alle godtek dette. Mange fleire snakkar dialekt privat enn på jobb, og på jobb normerer særleg kvinner mot bokmål. Særleg i radio bruker NRK meir dialekt enn for nokre tiår sidan. Det går mest ut over bruken av normert bokmål, som knapt er i bruk lenger som talemål nord for Trøndelag.

6 Press. Bokmål er det mest brukte skriftspråket i Noreg, men i tale er det fleirtalsspråk berre på Austlandet. Bokmål er under press frå engelsk særleg i vitskap, næringsliv og underhaldningsindustri, samisk er allment under press frå bokmål, og nynorsk blir pressa av bokmål på nokre område. Bokmålsbrukarane er meir positive til engelsk enn nynorskbrukarane.

7 Meiningsskilnad. Folk i vest og nord er mest positive til bruk av dialekt og bruker også mest dialekt, medan folk i Oslo er minst positive. Kvinner er meir positive enn menn, og dei med lite utdanning vil ha mindre språkleg variasjon enn dei med mykje utdanning. Det einaste språkspørsmålet oslofolk og folk i nord er samde i, er motstanden mot nynorsk.

8 Urfolk og minoritetar. Nordsamisk står mykje sterkare enn før 1980-åra, men lulesamisk og sørsamisk er i vanskar, Nedgangen for kvensk kan vere i ferd med å snu.

9 Fleirspråkleg. Ein av tre nordmenn er positive til eit meir fleirspråkleg Noreg, ein av tre er negative. Kvinner er meir positive enn menn, unge meir enn eldre, og folk med høgare utdanning meir positive enn dei med lite utdanning. Mange nynorskbrukarar og få bokmålsbrukarar er reelt tospråklege.

10 Engelsk. Menn er meir positive til bruk av engelsk enn kvinner er, dei unge er mykje meir positive enn dei eldre, og folk i Oslo-området er meir positive enn folk i vest og nord.

11 Ordbøker. Norsk Ordbok for nynorsk og alle norske dialektar er med sine 325 000 oppslagsord eit av dei største ordbokverka i verda når det er komplett i 2016. Det Norske Akademis Store Ordbok for moderat bokmål er planlagd ferdig i 2017 med 250 000 oppslagsord.

12 Forståing. Den store språkvariasjonen i den norske kvardagen er ei viktig årsak til at nordmenn flest forstår andre skandinaviske språk betre enn svenskane og danskane gjer.

13 Digital skriftkultur. Internett og sosiale medium styrkjer andre språk enn engelsk internasjonalt, og både nynorsk og bokmål i Noreg. For somme er dialektar blitt eit tredje, unormert skriftspråk i digitale medium, men generelt skriv åtte av ti ikkje dialekt.

Her finn du Språkplakat om Noreg og Norge i pdf